Av stein

Ny bok av Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth – radarparet bak salssuksessen Norges låver!

PrisNOK399,00 inkl. mva.
På lager: 3 stk.
Lagerstatus:
På lager: 3 stk.

Produktinfo

Gråsteinen var gull verd i bonden sitt landskap. Steinen var spadd opp av jorda, henta i ura eller sprengd ut or fjellet, og det vart reist milevis av steingardar, vakre veganlegg, små og store steinhus. I dag står dei gamle murane og fortel historie: om levemåten den gongen då stein var ein av få ressursar mange bønder hadde rikeleg av.

Av stein dokumenterer vakre byggverk og tunge tak. Boka viser at dugande handverkarar fekk reist mange murar sjølv om steinen var alt anna enn samarbeidsvillig. Bli kjend med steingarden, bakkemuren, steinløa, gardfloren, torvhuset og – ikkje minst kjøleskåpet utan stikkontakt – jordkjellaren.

Utgitt: 2017

Nynorsk

288 sider

Inndunden med trykt overtrekk, foliepreg.

Formgjeving: Silje Nes

ISBN 9788279592587

Bla i boka her! (klikk for link)